Stiftelsen Klepp nye kyrkje

Plannemnda


Det vart bygd kyrkje i Klepp sentrum i 1846 og påbygd i 1971. Kyrkja er ei typisk Linstowkyrkje og har sitjeplassar til 280 personar. Kyrkja sin bodskap hadde og har ein sentral plass hjå Kleppsbuen. For store handlingar i deira liv som dåp, konfirmasjon, bryllaup, minnemarkeringar, gravferd, høgtider og gudstenester har kyrkja ein unik plass. Ei ny kyrkje kan nyttast som arbeidskyrkje 7 dagar i veka til alle ulike tiltak for alle aldersgrupper. Til denne bruken treng Klepp kyrkjelyd nye, større og tilrettelagte kyrkjerom og lokaler. Klepp sokneråd har i fleire år arbeid for å få bygd ny kyrkje. Det vart oppretta ein stiftelse i 2009 som arbeider med å skaffe egenkapital. I 2015 vart det i tillegg oppretta ei plannemnd.